Tett på sjøen

I Teinevikjo bur du så tett på sjøen og det maritime miljøet i Leirvik hamn som det går an å koma.

Her kan du nyta den friske sjølufta og sola på balkongen til langt på kveld, stilla klokka etter snøggbåtane som kjem og går i all slags vêr, og frå sofaen kan du sjekka fangsten til hobbyfiskarane når dei fortøyer og går i land i småbåthamna eit sluk-kast mot nord. Kanskje blir du inspirert til ein tur på sjøen sjølv? I Teinevikjo er det ein enkel sak. Her er det høve til å kjøpa eiga sjøbod på gateplan og båtplass i bryggeanlegget like utanfor inngangsdøra.

Den fantastiske plasseringa gir ei god ramme for kvardagen som bebuar i Teinevikjo, eit rammeverk som i høgste grad blir ivareteke med det nye bustadkomplekset. Alle dei 37 leilegheitene har gjennomgåande høg standard, der me har lagt vekt på utsikt, lysforhold, gode planløysingar og kvalitetsinteriør. Her vert det lett å bu godt!

Morgonstemning i Teinevikjo

Sjå korleis Teinevikjo tek seg ut i morgonsol:

Teinevikjo 05.04.2019

Morgonstemning i Teinevikjo.Allerede på onsdag kjem dei fyrste bebuarane inn i dei nye leiligheitane. Enda står litt finpuss att – utan at dette skal forstyrre bebuarane nemneverdig. Me takkar alle samarbeidspartnarar for eit godt gjennomført prosjekt, og gratulerar alle kjøparar med ny bustad.

Publisert av Engelsen Entreprenør as Søndag 7. april 2019

Kort veg til Leirvik sentrum

I Teinevikjo bur du utanfor sjølve sentrumskjernen. Likevel er du nær nok til at det berre er nokre få minuttars rusletur langs strandpromenaden inn til alt Vikjo har å by på.

Ein livleg møteplass

Med eitt av Sunnhordlands største handels- og servicetilbod, kafear og restaurantar, utestader, museum, galleri, offentlege tenester, trenings-, helse- og velværetilbod, og  ikkje minst eit levande kulturhus proppfullt av aktivitetar, er Leirvik ein livleg møteplass både for stordabuen og tilreisande.

Knutepunkt

Vikjo er også eit trafikalt knutepunkt for offentleg kommunikasjon, med busstasjon og snøggbåtterminal nede i hamna. Frå Teinevikjo er det berre 450 meter å gå til bussterminalen, der du kan stiga på både lokalbussar og Kystbussen, sistnemnde går som kjent i ekspressrute mellom Bergen og Stavanger. Snøggbåtterminalen ligg om lag 650 meters gange frå Teinevikjo, og her kan du hoppa på båtar som tek deg rundt i Sunnhordland og til Bergen.

Nær dei gode naturopplevingane

Som bebuar i Teinevikjo er det lett å koma seg ut i frisk luft og fin natur.

I eige nabolag finn du både flott badestrand, fiskeplassar, turløype og Onarheimsparken – med både bocciabane og Stord sin mest berømte skulptur – Storddøra ytst på moloen. Og strandpromenaden på Vikjo, ja den passerer rett framom dørstokken.

Vel 600 meters gange sør for Teinevikjo ligg den populære badeplassen Sponavikjo. Her kan du ta med barn eller barnebarn for å bada, eller kanskje leita etter krabbar i strandkanten?

Her startar også skogsvegen som tar deg opp gjennom den flotte Gullbergskogen, med høve til avstikkarar opp på utsiktspunkta Stora og Litla Gullberg. Perfekt for ein tur med hunden!

Dei svært populære turområda Landåsen og Ådlandsvatnet er også innanfor gangavstand frå Teinevikjo, og det same er Stord idrettspark på Vikahaugane – det største idrettsanlegget mellom Stavanger og Bergen.